Gladkontrollen på Voss 2020

Skrevet av: Anita Seilen Publisert: 06.04.2020

/media/50272/17952789_10156027440404278_8219120285294617035_n.jpg
Bilde er fra Gladkontrollen 2017 Foto: /eier av foto Jan Erik Grande
Påsken i år vert ikkje heilt som vanleg. Men, til hjelp som aktivitet i desse koronatider legg NRH -treningslag Voss og Voss Røde Kors Hjelpekorps ut på sine respektive nettsider «Gladkontroll» hefte for Påsken 2020.

Gladkontrollen i seg sjølv ved Kvåle er avlyst, men årets hefte som me har fått laga vil me gjerne dele med dykk her.

Me håpar hefte vil vere av interesse for alle aldre.  Noko som kan engasjere dykk, gjerne heile familien og i særs barna.

Her er det bl.a. fyrstehjelp-quiz, kryssord for barn, snøskredspelet, teikn din eigen redningshund og 20 spørsmål.

Send inn svara på 20 spørsmål og ver med i trekninga på eit par ski m/bindingar.  

Til premie har me fått eit par Åsnes Børge Ousland ski hjå Åsnes ski. Det vert trekt ut ein vinnar frå dei som har sendt inn og svart rett på alle spørsmåla.  

Hefte er til glede for mange i påska så hjelp oss gjerne med å nå ut til fleire med å dele denne artikkelen på di facebookside. 

Last ned hefte HER

Ps. Hugs på vår felles dugnad som forsetter, til ein kvar tid å oppdatere og rette dykk etter dei retningslinjar som helsemyndigheita gjev i samanheng med korona utbruddet (Covid-19), og epidemien.

Ta hensyn til kvarandre, men strekk gjerne ut ei hand om nokon treng di hjelp, sjølvsagt utan å berøre kvarandre. 😊

Me i NRH og Røde Kors hjelpekorps på Voss ynskjer dykk alle ei riktig god påske!