Stolt NRH leder

Skrevet av: Michael Avila Publisert: 16.08.2012

/media/48560/knut-skaar-og-dino.jpg
Uansett størrelse på aksjonane så får me stadig gode tilbakemeldingar frå våre oppdragsgivarar både på innsats og kvalitet. Dette vart og uttalt frå 22 juli kommisjonen som kom med sin rapport. Noko eg som leiar av NRH er svært stolt over!

Sommarferien er no over for dei fleste av oss men mange har vore svært aktive i aksjonar rundt om i landet. Sjølv om sommaren normalt er den roligaste tida med omsyn på aksjonar så har mange av våre medlemmar vore svært travelt opptekne i ferietida. Det har sidan 1. juni vore 91 nye aksjonar som NRH har delteke i. Nokon av desse er med ein hundeførar og over kort tid medan andre er svært omfattande. Den mest krevjande i sommar er utvilsamt leitinga etter Sigrid som dessverre fortsatt er sakna. Her gjorde NRH ein formidabel innsats saman med andre både frivillige og profesjonelle aktørar. NRH hadde her 40 ekvipasjar i søk der mange kom langvegs frå i ferien sin for og gjere ein innsats. I tillegg var det mange som gjorde ein kjempejobb i KO saman med politiet for å organisere søka. Men uansett størrelse på aksjonane så får me stadig gode tilbakemeldingar frå våre oppdragsgivarar både på innsats og kvalitet. Dette vart og uttalt frå 22 juli kommisjonen som kom med sin rapport i går. Noko eg som leiar av NRH er svært stolt over!

NRH vert brukt meir og me vert kalla ut tidligare til aksjonar over heile landet, så langt i år er me no oppe i 256 aksjonar pr. 13.08, på same tid i fjor var det 226 aksjonar.

Sommaren er og ei travel tid med hovedkurs , prøvar og samlingar. Det er imponerande alle timar som vert lagt ned av instruktørar, kursleiarar og kurssekretærar, utan betaling der dei fleste brukar av ferien sin for at andre skal få trene og godkjenne. Hovedkurs Vest på Voss startar neste veke der det og skal være eige kurs for operative ledarar frå heile landet, noko som vil gje oss fleire med god kompetanse på å lede aksjonar, i veke 40 er det hovedkurs ruin i Førde som det siste hovedkurs i år. Då har ca 350 av våre medlemmar fått auka kunnskap og NRH har fått mange nye godkjente ekvipasjar, dei er svært kjærkomne før hausten tek til, som normalt er svært travel for oss. 

Eg vil ønskje både kursleiing og deltakarar lykke til!


Knut Skår

Styrelder

Norske Redningshunder